Svensk-norsk fagsamling for seterdrift på Røros 9.-10- november

Svensk-norsk fagsamling for seterdrift
på Røros 9.-10- november

Norsk seterkultur, Seterlandet, hanen og Föreningen Sveriges Fäbodbrukare  ei fagsamling med hovudtema seterdrift på Røros den 9, og 10, november. På samlinga kan vi bli betre kjend med våde kollegaer i Aust, og lære meir om både nasjonale og internasjonale avtaler, og konvensjonar og forlik som på ein eller annan måte påverkar seterdrifta. Den 10 november vert det sett søkeljos på næringsverksemd og nettverksbygging knytt til seterdrifta.

Norsk seterkultur og Föreningen Sveriges Fäbodbrukare har dei seinare åra utvikla eit godt samarbeid over grensa. Vi ber same kulturarv, og har soleis mykkje til felles sjølv om vilkåra er ulike, seier leiar i Norsk seterkultur Katharina Sparstad. Saman skal vi sjå nærare på korleis både nasjonale, og internasjonale forvaltingsregimer med avtaler og konvensjonar kan påverke føresetnadene for framtidas stølsdrift. Frå Sverige kjem mellom anna mellom anna Marie Kvarnström, konsulent ved NAPTEK (Nationellt program for traditionell økologisk kunnskap). Ho har sett seg særleg inn i internasjonale konvensjonar og avtaler som speler ein rolle for stølslandskap, biologisk manfald og kulturarv.

Norsk seterkultur samarbeider også med Hanen og seternettverket Seterlandet om eit eventuelt, nasjonalt, digitalt nettverk for setrebedrifter. På dag to vil få innblikk i kva som ligg i dette for den enkelte stølsbedrift. Vi er mange, og til saman gjer vi eit unikt produkt til gjestane våre. Mange planlegg reisa si på Internett, men utfordringa er å finne oss på Internett. Mange har veldig fine heimesider, men det hjelper lite når vi har få treff, seier Sparstad. Samstundes opplev svært stor interesse frå både norske og utanlandske gjester, og vi meiner det er eit stort, ubrukt potensial når det gjeld å gjere desse bedriftene meir tilgjengelege i marknaden. Til fagsamlinga kjem mellom anna Per Øyvind Voie frå Innovasjon og leiar av Hanen, Bernt Bucher Johannessen, som også er med arrangør.

Meld dykk på, dette blir både lærerikt og forhåpentlegvis nyttig» oppfordrar leier i Norsk seterkultur, Katharina Sparstad som også minner om påmeldingsfristen 10. oktober.

Last ned progtammet her: Program Fagsamling Røros 9-10nov2013  (Med atterhald om mindre endringar i programmet).